Turid, Thomas, Vegard & Sigurd

På denne Bloggen vil vi med ujevne mellomrom legge ut bilder og kommentarer fra livet i Bergen.
Den 5. januar 2006 ble Sigurd født, Vegard (f. 06.04.04) ble storebror, og plutselig var vi blitt en A4-familie.

22.8.06

31. juli

Me har forlatt Oslo og er komne til Kvåle for å feriera litt meir. Galne Sigurd er begynt å reisa seg alt! No skal han helst stå heile tida! Posted by Picasa

Gøy å leva farleg... Posted by Picasa

Badeengelen vår! Sigurd elskar å bada, både i badekar og i sjøen. Kulde er ingen hindring for kraftkaren vår! Og i vatnet sparkar han frå med beina som om han skulle fått betalt for det! Posted by Picasa

16.8.06

23. juli

Me er i fødselsdags- selskap til Edvard, og Vegard har funne seg ein venn han kan herja rundt med! Posted by Picasa

22. juli

Juhu! Mamsen og papsen har sin fyrste utekveld etter at Sigurd vart fødd! Gjett om me koste oss! Fyrst vandra me rundt i Frognerparken, og deretter gjekk me på kino. Ungane oppførte seg eksemplarisk mens me var vekke. Posted by Picasa

Steikvarmt for tida, og då er det godt med eit avkjølande tørkle på hovudet! Posted by Picasa

Party party... Posted by Picasa

21. juli

Sigurd er blitt angripen av ein raus storebror! Posted by Picasa

På badetur ved elva! Posted by Picasa

Sjå kor flink Sigurd er blitt! Her er han ute på ekspedisjon i stova. Posted by Picasa

14.8.06

20. juli

Vegard fekk telt av bestemor og bestefar. Gjett om det var stas! Alle vart inviterte på kaffi og kaker i tur og orden. Her er det Sigurd som har fått audiens. Posted by Picasa

Breakdance??? Posted by Picasa

2.8.06

19. juli - på Langøya

Øyene i Oslofjorden er verkeleg å anbefala! Fine strender og skikkeleg idyll! Her fiskar Vegard krabbar frå brygga saman med pappa og bestefar. Me skulle eigentleg til Gressholmen og alle kaninane, men kom for seint til båten. Men pyttsan! Langøya var superduper den òg! Posted by Picasa

Me er på veg ut til Langøya! Bølgjene fascinerer både store og små! Posted by Picasa

18. juli - i Frognerbadet

Hey hey! Dokumentasjon av krabbestillinga! Og no klarer Sigurd å ta seg framover! Han står som på biletet, trekkjer beina under seg, kastar seg framover på magen, opp i krabbestilling att... Ser unekteleg ganske slitsamt ut, men jammen får han opp dampen når det er noko han verkeleg vil ha tak i! Posted by Picasa

Sigurd er i godt humør! Posted by Picasa

Moderen har kollapsa i varmen. Posted by Picasa

Genialt basseng! Så grunt at Vegard kan vassa omkring utan å vera redd for å gå under! Posted by Picasa

Perfekt akesklie for Vegard, i alle fall når bestefar står øverst... Posted by Picasa

...og bestemor står nede og tar imot. Posted by Picasa

Vegard vatnar bestefar. Kanskje byrjer det å veksa bringebær på han òg? Posted by Picasa

 Posted by Picasa

Ikkje alltid så mykje som skal til for å imponera veslebror! Posted by Picasa

 Posted by Picasa

17. juli

Middag i hagen. Henrik og Pernille er på besøk. Posted by Picasa